Som bibliotekar har ein ei viktig oppgåve
med å gjere dokumenta i samlinga gjenfinnbare for lånarane. Ein katalogiserer
for at lånaren skal kunne gjere søk på ytre eigenskapar ved dokumentet, som
tittel, forfattar og årstal. I tillegg vil det vera interessant for brukarane å
gjere søk ut frå dokumentets innhald. Derfor lagar bibliotekaren emneord til og
klassifiserer dokument, så lånaren enklast mogleg kan finne fram til den type
informasjon han er ute etter. For at dei to sistnemnde prosessane kan finne
stad, må dokumenta som vi veit indekserast. Indekseringa styrer kor i hylla
dokumentet blir plassert og kva for tema det blir lagt under. At indeksering er
ein mental prosess utan reglar, gjer at gjenfinnbarheten til eit dokument
avhenger av den enkelte bibliotekars skjønn. Dette er ikkje uproblematisk, og
utfordringar knyta til dette er det eg vil ta opp i blogginnlegget.
Under indekseringseringsprosessen må
bibliotekaren ta stilling til område som tematikk, målgruppe, sjanger og om det
er snakk om skjønnlitteratur eller sakprosa. Å gi ei presis beskriving av eit
dokuments innhald, utan å ha lese boka, sett filmen eller kva det måtte vera
snakk om, er vanskeleg, om ikkje å seie umogleg. «Du skal ikkje døma etter
omslaget» er det eit ordtak som seier. Omslaget gir som oftast mangelfull, og
nokre gongar misvisande informasjon om eit dokument. Eit tydeleg eksempel på
sistnemnde opplevde eg då eg var i praksis som lærar på 3. trinn. Ein elev
lånte ei rosa prikkete bok på biblioteket som gav assosiasjonar til ei typisk
jentebok om vennskap og forelsking. Då ho veka etterpå skulle presentere boka
for klassen, viste det seg at boka handla om seksuelle overgrep. Ei utfordring
som bibliotekar er at ein ikkje har tid til å setje seg inn i alt biblioteket
har å tilby. Ein har lita tid, og ei stadig aukande mengde av dokument som skal
organiserast, både trykte og digitale.
Om ein skulebibliotekar hadde indeksert
boka frå praksiseksempelet etter inntrykket, ville den lett blitt klassifisert på ein måte som gav feil plassering, og ville ikkje vore lett tilgjengeleg for ein lånar som hadde behov for
denne type litteratur. I eit skulebibliotek med dokument klassifisert etter
tema, kunne boka blitt plassert under lettlest litteratur om kjærlighet. Det
alvorlege temaet boka presenterer ville blitt oversett, og plasseringa ville
vore misvisande for lesaren.
Mangelfull kunnskap om boka vil også få
konsekvensar for tildeling av emneord. Emneord skal vera presise og
fullstendige, og den som indekserer må derfor identifisere kva som er det
viktigaste innhaldet i dokumentet. Elles kan emneorda lett bli lite konkrete og
mangelfulle eller feilaktige, som viss ein hadde gitt boka emneordet
«forelsking», der det burde vore «seksuelle overgrep».
Ei annan utfordring får vi i møte med
tverrfaglige dokument – dokument som kan plasserast innanfor fleire
fagdisiplinar. Denne utfordringa vil først og fremst få konsekvensar for
klassifikasjonen av dokumentet. Har vi for eksempel en bok om indiske religionar,
kan boka passe både under tema «religionar» og «India», men det er
bibliotekarens indeksering og bibliotekarens syn på kva som er hovudtema som
bestemmer plasseringa. Dette vil vidare få konsekvensar for kven som vil finne
boka.
Indekseringsprosessen er avgjerande for
kvaliteten på emneord og klassifikasjonen av eit dokument. Som nemnd handlar
alle prosessane om å beskrive dokumentets innhald. På s. 11 i Bibliotheca Nova (nr.
4, 2014) seier Ragnar Nordlie, professor ved Institutt for arkiv-, bibliotek-
og informasjonsfag ved Høgskolen i Oslo og Akershus, at «Den innholdsmessige beskrivelsen av
dokumentene har imidlertid utvilsomt som formål å organisere kunnskap, i
betydningen stille emnemessig relevant innhold til rådighet for brukere». Vi
indekserer altså for å best mulig komme lånarane i møte. Om kunnskapane til den
enkelte bibliotekar ikkje strekk til, må han skaffe seg tilstrekkeleg
informasjon frå andre kjelder. Utan mistar biblioteket noko av sin funksjon,
fordi det blir vanskeleg for lånaren å finne det han er ute etter.
Litteratur:
Nordlie, R. (2014). Kunnskapsorganisasjon –
«kjerneteknologi» for bibliotek- og informasjonsfag. I Bibliotheca Nova, 4-2014, (s. 6-16). Henta frå http://www.nb.no/content/download/9709/91724/file/NB-BibliothecaNova%200414nett.pdf
Undervisningsfilmar frå leksjon 2 og 3
Blogginnlegget er svar på oppgåve 2
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar