Sjølv har eg alltid vore glad i å lese, og gjennom lærarutdanninga har eg fått augene meir og meir opp for kor avgjerande leselyst og god lesekompetanse er for læring, for det å komme seg gjennom skulen og for å delta i samfunnet elles. Derfor har eg som kommande lærar lyst til å ha litt ekstra god kompetanse på dette feltet.
Ellers har Glamourbibliotekaren vore med på å vekke interessa mi for bibliotekfaget, gjennom framsnakking av yrket, bokomtalar og blogginnlegg som dette.
Eg gledar meg kanskje spesielt til litteraturdelen av studiet og til å lære meir om korleis skulebiblioteket kan bli nytta i skulen. Korleis organisere eit bibliotek og korleis sette bøker i system kan eg lite om, så her har eg mykje å lære.
Sidan eg tar 90 studipoeng dette studieåret, blir dette eit år med mykje lesing, men eg er klar og trur det skal gå bra :)
![]() |
| Frå bokhylla mi |
Sidan eg tar 90 studipoeng dette studieåret, blir dette eit år med mykje lesing, men eg er klar og trur det skal gå bra :)
