tirsdag 6. desember 2016

Utfordringar i indekseringsprosessen

Som bibliotekar har ein ei viktig oppgåve med å gjere dokumenta i samlinga gjenfinnbare for lånarane. Ein katalogiserer for at lånaren skal kunne gjere søk på ytre eigenskapar ved dokumentet, som tittel, forfattar og årstal. I tillegg vil det vera interessant for brukarane å gjere søk ut frå dokumentets innhald. Derfor lagar bibliotekaren emneord til og klassifiserer dokument, så lånaren enklast mogleg kan finne fram til den type informasjon han er ute etter. For at dei to sistnemnde prosessane kan finne stad, må dokumenta som vi veit indekserast. Indekseringa styrer kor i hylla dokumentet blir plassert og kva for tema det blir lagt under. At indeksering er ein mental prosess utan reglar, gjer at gjenfinnbarheten til eit dokument avhenger av den enkelte bibliotekars skjønn. Dette er ikkje uproblematisk, og utfordringar knyta til dette er det eg vil ta opp i blogginnlegget.

Under indekseringseringsprosessen må bibliotekaren ta stilling til område som tematikk, målgruppe, sjanger og om det er snakk om skjønnlitteratur eller sakprosa. Å gi ei presis beskriving av eit dokuments innhald, utan å ha lese boka, sett filmen eller kva det måtte vera snakk om, er vanskeleg, om ikkje å seie umogleg. «Du skal ikkje døma etter omslaget» er det eit ordtak som seier. Omslaget gir som oftast mangelfull, og nokre gongar misvisande informasjon om eit dokument. Eit tydeleg eksempel på sistnemnde opplevde eg då eg var i praksis som lærar på 3. trinn. Ein elev lånte ei rosa prikkete bok på biblioteket som gav assosiasjonar til ei typisk jentebok om vennskap og forelsking. Då ho veka etterpå skulle presentere boka for klassen, viste det seg at boka handla om seksuelle overgrep. Ei utfordring som bibliotekar er at ein ikkje har tid til å setje seg inn i alt biblioteket har å tilby. Ein har lita tid, og ei stadig aukande mengde av dokument som skal organiserast, både trykte og digitale.

Om ein skulebibliotekar hadde indeksert boka frå praksiseksempelet etter inntrykket, ville den lett blitt klassifisert på ein måte som gav feil plassering, og ville ikkje vore lett tilgjengeleg for ein lånar som hadde behov for denne type litteratur. I eit skulebibliotek med dokument klassifisert etter tema, kunne boka blitt plassert under lettlest litteratur om kjærlighet. Det alvorlege temaet boka presenterer ville blitt oversett, og plasseringa ville vore misvisande for lesaren. 

Mangelfull kunnskap om boka vil også få konsekvensar for tildeling av emneord. Emneord skal vera presise og fullstendige, og den som indekserer må derfor identifisere kva som er det viktigaste innhaldet i dokumentet. Elles kan emneorda lett bli lite konkrete og mangelfulle eller feilaktige, som viss ein hadde gitt boka emneordet «forelsking», der det burde vore «seksuelle overgrep».

Ei annan utfordring får vi i møte med tverrfaglige dokument – dokument som kan plasserast innanfor fleire fagdisiplinar. Denne utfordringa vil først og fremst få konsekvensar for klassifikasjonen av dokumentet. Har vi for eksempel en bok om indiske religionar, kan boka passe både under tema «religionar» og «India», men det er bibliotekarens indeksering og bibliotekarens syn på kva som er hovudtema som bestemmer plasseringa. Dette vil vidare få konsekvensar for kven som vil finne boka.

Indekseringsprosessen er avgjerande for kvaliteten på emneord og klassifikasjonen av eit dokument. Som nemnd handlar alle prosessane om å beskrive dokumentets innhald. På s. 11 i Bibliotheca Nova (nr. 4, 2014) seier Ragnar Nordlie, professor ved Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag ved Høgskolen i Oslo og Akershus,  at «Den innholdsmessige beskrivelsen av dokumentene har imidlertid utvilsomt som formål å organisere kunnskap, i betydningen stille emnemessig relevant innhold til rådighet for brukere». Vi indekserer altså for å best mulig komme lånarane i møte. Om kunnskapane til den enkelte bibliotekar ikkje strekk til, må han skaffe seg tilstrekkeleg informasjon frå andre kjelder. Utan mistar biblioteket noko av sin funksjon, fordi det blir vanskeleg for lånaren å finne det han er ute etter.

Litteratur:
Nordlie, R. (2014). Kunnskapsorganisasjon – «kjerneteknologi» for bibliotek- og informasjonsfag. I Bibliotheca Nova, 4-2014, (s. 6-16). Henta frå http://www.nb.no/content/download/9709/91724/file/NB-BibliothecaNova%200414nett.pdf

Undervisningsfilmar frå leksjon 2 og 3

Blogginnlegget er svar på oppgåve 2